Bibel 2011 bokmål | Norsk Bibel 88/07 | Bibelen, Guds Ord | Bibel 2011 nynorsk |
Salme 125 | Salme 125 | Salme 125 | Salme 125 |
Salme 126 | Salme 126 | Salme 126 | Salme 126 |
Salme 127 | Salme 127 | Salme 127 | Salme 127 |
Utvalgt andaktDei som sår med tårer, skal hausta med glederop. Salme 126,5 Det sinnelaget me fekk av Gud då han tok oss til nåde, det skapte ansvar hjå oss for medmenneska våre og trong til å føra dei til Kristus. Når så ein kristen ser kor lite dette arbeidet lukkast for han, blir hjarta tidt sårt og fullt av tvil. Særskilt knip det for ærlege forkynnarar og foreldre som ser borna sine gå på ville vegar. Dette å vedkjenna seg trua på han som har all makt og som har lova å høyra bønnene våre og så samtidig sjå kor lite det lukkast for oss, det kan få den sterkaste av oss til å skjelva og den mest truande til å tvila. Men du som sukkar under denne tunge børe, prøv å gi dette stutte ordet rom i hjarta: "Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop." Slik står det! Av såd og tårer skal det ein gong bli ein god haust, seier Gud. La så tåra berre detta i såkorga di! Når hausten kjem, skal Gud syna at han held ord, òg når det gjeld arbeidet ditt i riket hans. Me skal hausta i si tid, berre me ikkje trøytnar. Dei som med tårer sår Ludvig Hope |
|