Bibel 2011 bokmål | Norsk Bibel 88/07 | Bibelen, Guds Ord | Bibel 2011 nynorsk |
Jesaja 29 | Jesaja 29 | Jesaja 29 | Jesaja 29 |
Jesaja 30 | Jesaja 30 | Jesaja 30 | Jesaja 30 |
Jesaja 31 | Jesaja 31 | Jesaja 31 | Jesaja 31 |
Jesaja 32 | Jesaja 32 | Jesaja 32 | Jesaja 32 |
Jesaja 33 | Jesaja 33 | Jesaja 33 | Jesaja 33 |
Utvalgt andaktSå sa Herren Gud, Israels Heilage: "Vender de om og held dykk i ro skal de verta frelste. I stilla og tillit skal dykkar styrke vera. " Jes 30,15Å venda om er å skifta hug og livslei. Den som tidlegare har vendt seg bort frå Gud og gått sine eigne vegar i vantru, synd og verdslegdom, han vender seg no til Gud med livet sitt slik som det er og vedgår dårskapen sin for han. Å venda om er ikkje å vinna over det vonde og så komma til Gud sjølvhjelpt. Nei, det er å la seg frelsa av ein annan, når ein ser at ein ikkje maktar det sjølv. Å venda om er å leggja ned motstanden mot Gud, det er å stoppa spranget bort frå han og seia: "Her er eg; om du vil, skal du no få lov å frelsa meg." Den som då høyrer frelsarorda "Eg vil!" og legg seg tillitsfullt i armane hans, han er frelst. Den store kunsten òg for ein kristen seinare i livet er å eiga ei barnsleg tiltru til Gud. Inga makt kan vinna over den som byggjer livet sitt, i smått og stort, på det Jesus har gjort og det Gud har lova i ordet sitt. Han kan få sår i striden; men slepper han ikkje frelsaren sin, er han uovervinneleg. Hjå Jesus kan den hjelpelause vera trygg. I han er helvetet stengt og himmelen open, men utanfor Jesus er helvetet ope og himmelen stengd. Alle de som vil sigra og nå himmelen, de må komma til Jesus og vera der i liv og død! Då fører han oss gjennom striden og døden til livsens land.
Lit du heilt på Herren,
signing hjarta fær, finn at all hans lovnad ja og amen er.
Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag" Lunde Forlag |
|