lørdag 14. mars 2020

Dagens bibellesning: Markus 1-2

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Markus 1 Markus 1 Markus 1 Markus 1
Markus 2 Markus 2 Markus 2 Markus 2

Utvalgt andakt

"Morgonen etter, med det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han." Mark 1, 35
Guds dør og Guds hjarta står alltid ope for dei som ber. Vår himmelske far blir aldri trøytt av å høyra på klaginga vår og på sukka og bønnene våre. Likevel er der tider som passar særskilt til bønn. Morgonen er den beste tida på dagen for den som vil be.
Somme blomar bretter seg i hop om kvelden, når natta og kulden kjem, men opnar seg att så fort det ljosnar av dag. Slik opnar òg sjela vår seg i den første morgontimen. Den som då før alt anna møter Gud i bønn, får rikeleg av den krafta ein kristen treng til å gå gjennom dagen slik det sømmer seg for han. Gud vil nok alltid gi oss det me treng, hjå han er det ikkje natt eller kulde, men me er ikkje alltid like viljuge til å ta imot det han vil gi. Difor skal me bruka den laglege tida.
David visste at morgontimen skulle vera bønnetimen hans.
Han seier: «Om morgonen høyrer du mi røyst, tidleg vender eg meg til deg og ventar.»
Han som tok på seg å frelsa oss og som gjekk gjennom verda som eit sant, syndefritt menneske, han visste òg at morgontimen i bønn gav den største krafta i dagsens strid.
Me vil prøva å vinna over alt som vil hindra oss i òg på denne måten å søkja Guds rike først.
Ta tid til å be, så ei døgnlivets støv
seg legger på sinnet og ånden blir sløv.
Søk tidlig Guds åsyn, og du skal gå ut
så glad til ditt virke, velsignet av Gud!
(Salmebok for kirke, hjem og skole 535, 2.)
Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Markus 1
Markus 2

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Markus 1
Markus 2